Quantcast
Channel: Litteraturavdelingen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 156

Siri Kvamme: Bokhaustfantasiar

$
0
0
photo-1429198739803-7db875882052

Bokhausten er her!

Kan du kjenne det? Lukta av dampande bøker rett frå trykkeriet, fersk sagspon i manesjen og lyden av raske hjarteslag frå engstelige forfattarar som vaklar ut på den strame lina og fryktar det verste, håpar det beste, forkledd som linedansarar og sirkusartistar. Kan du høyre det? Lyden av sider som blafrar, av djupe sukk og eit og anna hikst frå lesarar som les haustkatalogane frå forlaga. Frå perm til perm. Forventninga til alt som skal kome, alt som skal skje.

Forlagsfolk som klikklakkar målbevisst gjennom gangane i forlagshusa, klare til å storme inn i manesjen, kaste forfattarane og bøkene deira mot oss med stor begeistring og slik ta oss med storm. I dette sirkuset vi kallar bokhausten. For kva vil skje? Kven vil kline med kven på dei der altfor seine nachspiela på heilt vanlege vekedagar og kva vil vere den store og uventa salssuksessen i år? Ei heklebok, eller kanskje ein debuterande poet frå Haugesund. Det er ikkje godt å seie. Alt kan skje. Alt vil skje. Vi veit det berre ikkje enno.

Bokhausten har sin eigen puls, sin eigen song, eit sammensurium av stemmer som roper og kviskrar, ber på sine kne, insisterar eller skrik ut sin smerte, nokre ler, andre humrar der dei står i hyllene sine og lokkar oss, kallar på oss med sine vakre omslag, sine oppfinnsame titlar og hyllande sitat. Vil ha oss til å lese. Sjå meg. Nei meg. Nei, sjå meg. Please! Alle dei flotte bøkene som berre eit fåtal av oss les, medan mesteparten les eit fåtal bøker. Er det ikkje rart korleis vi går i flokk, også her?

Så vel vi ei bok, så byrjar vi å lese. Er den god? Grip den oss? Fortel den ei forførande historie om fengande karakterar med interessante utfordringar? Seier den noko vesentleg om verda, om livet? Vert vi engasjert? Går pulsen opp, renn tårene, heldt vi pusten i spaning eller får den oss til å grine av latter? I det minste til å humre. Til å kjenne oss att. Kjenne att naboen, mannen, mamma. Eller kanskje oppdagar vi noko nytt. Det er det vi vil? Ikkje sant. Oppleve. Føle. Fortape oss i boka, for så dukke opp att timar seinare, rørt, forført, forandra.

Enno er det håp om at den store lesaropplevinga ventar på oss i vrimmelen av bøker som gjer denne bokhausten like unik som alle dei andre bokhaustane før. Og det er favorittar og det er overraskingar og det er kveldar som blir mørkare og det er stearinlys og det er raudvin. Heldigvis finns det enno klisjear og heldigvis kan vi enno kome over desse nyskapande setningane som bles oss overende, der vi sit og desperat prøver å få verda til å forsvinne for ei lita stund. Skal berre lese litt til, så skal vi ta oppvasken, så skal vi rydde, møte vener, legge oss.

Men kven har tid til å legge seg, til å sove? No er den jo her. Bokhausten. Og med den kjem lukta av sagmugg og fersk boksverte, papir og kanskje også lukta av frykt, lukta av glede. Leseglede. Forfattarar utkledd som trapesartistar og linedansarar som skal forsere store, ukjende avgrunnar, på vegen til ein lesar. Dei fryktar bokmeldingane, men fryktar kanskje stillheita aller mest. Det å ikkje bli sett.

Der romsterar i magen. Noko vil ikkje legge seg til ro. Noko hoppar og sprett. I bringa mi dansar loppene frenetisk i det vesle sirkuset som har vakna til liv, der inne romsterar det og nappar i meg natt og dag. For hausten er full av bøker, og lesarar og salongar og går alt som det skal, vert det ein fest og ei feiring og alt eg vil er at de skal kome og vere med. At det skal bli så fint som det kan vere. I mine villaste bokhaustfantasiar.

1_DSC8206

Siri Kvamme

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 156